@CyberTobe Forstår ikkje teikninga di heilt..
Dessutan må vi hugse korleis varmtvatn typisk vert brukt. Relativt korte periodar med bruk, med lange oppvarmingsperiodar mellom. Dersom du skal varme vatnet direkte ved bruk, treng du mykje meir enn 500W. Du bør difor ha lagra litt varme som du kan varmeveksle mot det kalde vatnet som går inn i tanken når varmtvatnet vert brukt.
Tenkte noko slikt:
Miner -> liten buffertank -> platevarmevekslar mot innkommande vatn til tank -> radiator med vifte for kjøling når ingen brukar varmtvatn og temperaturen i systemet er høg nok -> retur til Miner.
Dersom utgangspunktet er 25 °C, total mengde vatn i dette lukka systemet (tank, slangar, varmevekslar) er 10 liter og maksimal vasstemperatur for kjøling av miner er 60 °C, vil mineren kunne bruke 406 Wh på å varme vatnet før vatnet må kjølast ned, anten med radiator og vifte eller ved at nokon brukar varmtvatn.
Buffertanken kan gjerast større. Då kan du lagre meir varme i systemet.
Du kan gjere dette meir avansert med å erstatte varmvasstanken med ein du kan varmeveksle direkte mot, og dermed få dumpa meir av varmen til varmtvatn, men det er dyrt.